Vil ha fleire bønder, dyrare mat og mindre import.

NPK-NTB
NPK-NTB

Sju ungdoms- og miljøorganisasjonar krev i ei alternativ jordbruksmelding ein heilt ny landbrukspolitikk med auka sjølvforsyning, meir bruk av jord og høgare matprisar.

I motmeldinga til stortingsmeldinga om jordbrukspolitikken stakar organisasjonane ut ein heilt ny kurs i landbrukspolitikken, skriv Nationen.

– Det overordna målet er å auke den reelle sjølvforsyningsgraden. Vi må utnytte ressursane vi har her i landet framfor å importere frå land med svært skeiv jordfordeling. Det har med solidaritet og rettferd å gjere, men òg omsynet til klima og biologisk mangfald, seier Kathrine Kinn i miljø- og utviklingsorganisasjonen Spire.

LES OGSÅ: Årets unge bonde har drive gard sidan han var 17 år

Spire er éin av sju organisasjonar i samarbeidsforumet Alliansen, som står bak meldinga. Dei andre er Natur og Ungdom, Sosialistisk Ungdom, Biologisk-dynamisk foreining, Grøn Ungdom, Raud Ungdom og ungdomsutvalet i Småbrukarlaget.

Dyrare, men god mat
Alliansen ønskjer seg mellom anna fleire bønder og bruk av tollvern for å redusere importen. Og maten kan gjerne bli dyrare, meiner dei.

– I staden for å ha eit mål om at jordbruket skal vere mest mogleg kostnadseffektiv, så må det å produsere sunn og trygg mat vere det viktigaste. I dag bruker vi lite av inntekta vår på mat, seier Kinn.

LES OGSÅ: Lite å tene på økologisk landbruk

Alliansen meiner òg at tilskota til jordbruket i større grad bør gå til bruk av jord enn til produksjonsvolum og bygningar.

Stortinget skal behandle jordbruksmeldinga «Endring og utvikling – En fremtidsrettet jordbruksproduksjon» like over påske.

Oppdatert: måndag 9. oktober 2017 02.28

Kommentarar

ANNONSE