Men forslaget til klimalov får lunken tilbakemelding frå miljørørsla.

For to år sidan vedtok Stortinget at Noreg skulle få ei eiga klimalov, med støtte frå alle parti utanom Framstegspartiet. I dag har regjeringa sendt sitt lovforslag til Stortinget.

– Målet er å fremja omstilling av Noreg til et lågutsleppsamfunn i 2050. Me er konkrete om kva det skal tyda, og difor talfestar me i lova kor store utsleppskutt me skal oppnå både i 2030 og 2050, seier klima- og miljøminister Vidar Helgesen (H) i ei pressemelding.

BAKGRUNN: Klimalov-krav vedtatt av Stortinget

Ifølgje lovforslaget, som blir omtala som ei nyvinning i norsk rett, skal Noreg kutta sine klimagassutslepp med minst 40 prosent i 2030 samanlikna med 1990. For 2050 skal målet vera ein reduksjon på 80 til 95 prosent, heiter det i pressemeldinga.

Vidare seier lovforslaget at regjeringa kvart år skal gjera greie for klimaeffekten av forslaget til statsbudsjett og korleis Noreg skal nå dei vedtatte klimamåla. Klimamåla skal dessutan gjennomgåast kvart femte år, i tråd med Paris-avtalen.

LES OGSÅ: – Det trengst meir politikk for å nå 2020-målet, viser nye tal frå regjeringa

Generalsekretær Nina Jensen i WWF Norge har vore ein av dei fremste pådrivarane for ei norsk klimalov. Ho seier til Dagens Næringsliv at lovforslaget frå regjeringa er for likt på forslaget regjeringa sendte på høyring i fjor haust.

– Den einaste forsterkinga me kan sjå, er at klimamålet for 2050 er talfesta slik det blei avtalt i budsjettavtalen mellom de borgarlege samarbeidspartia i 2016, seier Jensen, og kallar lovforslaget «for tynt».

Heller ikkje på Twitter er alle nøgde med den nye lova:

– Verdilaus, seier tidlegare Natur og Ungdom-leiar Ola S. Elvevold.

 

– Skvip, seier Miljøpartiet dei Grøne-politikar Eivind Trædal.

 

Lova skal til behandling i Stortinget før ho er endeleg vedtatt.

Treng du å overtydast om at klimahandling nyttar? Sjå den nye klimafilmen med Thomas Hayes!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 04.16

Kommentarar

ANNONSE