Nav, TVNorge, Nettavisen og Carl I. Hagen er nominert for å spreie påstandar som ikkje baserer seg på fakta.

I år deler Humanistisk Ungdom for første gong ut prisen Tenkekassa. Prisen går til ein person eller medieaktør som har misbrukt sin offentlege posisjon til å spreie påstandar som ikkje baserer seg på fakta.

– I dag er det vanskeleg å vete kva som er sant og usant. Kandidatane har blitt nominert av ungdom som er lei av svada og forsøk på å bli lurt, seier leiar i Humanistisk Ungdom, Arnlaug Høgås Skjæveland, i ei pressemelding.

Prisen vert lansert i samband med organisasjonen sin nye kampanje om kritisk tenking. Vinnaren av tenkekassa får sju verkty for å tenkja betre.

Dei fire nominerte er Nav, TVNorge, Nettavisen og Carl I. Hagen.

Utdelinga skjer i starten av mai, og ut april månad kan du stemme fram vinnaren på tenkekassa.no.

Hagen: – Framfører sanninga
Framstegspartipolitikar Carl I. Hagen er nominert for å ha uttalt om klimaforskarar at: «jeg anerkjenner ikke dem som eksperter. De er kjøpt og betalt», ei utsegn han framleis står ved.

Carl I. Hagen er blitt ein av klimaendringsfornektarane si mest synlege stemmer i Noreg, særleg etter ein krangel med klimaforskar Bjørn Hallvard Samset fra Cicero på Dagsnytt 18 i desember.

Humanistisk Ungdom meiner det er problematisk at Hagen freistar å vinne fram på meiningar som ikkje er basert på vitskap.

Carl I. Hagen sjølv tykkjer det er morosamt å bli nominert til den nye prisen, men er ueinig i kritikken.

– Eg nyttar min offentlege posisjon til å framføre sanninga, i motsetnad til dei som har nominert meg, som trur på keisarens nye klede, kommenterer Hagen. (Foto: Frp Media)

LES OGSÅ: Kan Faktisk bli ein faktasuksess?

Andrea Kilen Foto: NavAlternativ utdanning via Nav
Nav er nominert for å betale utdanning innanfor alternativbransjen for menneskjer som går på arbeidsavklaringspengar, ei sak som først vart omtala av Vårt Land.

Humanistisk Ungdom meiner det er problematisk at Nav støttar yrke og praksisar som ikkje har vitskapeleg dokumentert effekt.

Seksjonssjef i kommunikasjonsavdelinga, Andrea Kilen, rosar initiativet frå Humanistisk ungdom.

– Me forstår at ein kan stille spørsmål ved dette, men Nav sitt viktigaste oppdrag er å hjelpe folk i arbeid. Om det er tilfelle der det beste alternativet til å ikkje vere i arbeid er å praktisere som healer, kan den enkelte sakshandsamar gje støtte til dette innanfor gjeldande lover og reglar, skriv ho i ein e-post til Framtida.no

I pressemeldinga skriv Humanistisk Ungdom at Nav ikkje har gått ut offentlig etter oppslaget og forsøkt å rydde opp. Dette tilbakeviser Kilen, som understrekar at dei kommenterte saka både i Vårt Land og Ukeslutt.

– Tenkekassa inneheld mellom anna eit filter til å sjå klarare med og ei øks for å søkje fleire kjelder for informasjon. Det er synd at Humanistisk Ungdom ikkje sjølv brukar verktya dei meiner er nyttige, avsluttar ho. (Pressefoto: Nav).

LES OGSÅ: Årets ord: «Post truth»

Content marketing i Nettavisen
Nettavisen er nominert for sin omtale av fertilitetsappen Natural Cycles, som dei også reklamerer for.

«De påstår appen er like trygg som andre anerkjente prevensjonsmiddel, noe som ikke stemmer,» heiter det i grunngjevinga.

– Andre aviser som har skrive om appen har åtvara om at appen ikkje er ein sikker metode. Det gjenstår framleis at Nettavisen hengjer seg på, seier Skjæveland.

Nyheitsredaktør i Nettavisen, Erik Stephansen, meiner nominasjonen byggjer på ei misforståing.

– Humanistisk Ungdom hevdar at me skriv at appen «er like god som andre prevensjonsmiddel». Det har me ikkje skrive. Me skriv at appen er EU-godkjent, noko som faktisk er riktig. Når det er sagt, ser me at me også kunne hatt med dei som kritiserer appen. Artikkelen kunne vore betre, men det stiller oss ikkje i klasse med Åndenes makt på TVNorge. Dette har ingenting med «fake news» å gjere og kvalifiserer ikkje til ein slik nominasjon, svarar han. 

Det Nettavisen derimot skriv i artikkelen sin er at appen skal vera like sikker som p-piller.

Åndenes makt. Foto: Anita Arntzen / TVNorgeÅndenes makt
TVNorge er nominert fordi dei, ifølgje Humanistisk Ungdom, i ei årrekkje har fungert som eit ukritisk talerør for programmet Åndenes makt, der sjølvutnemnte «klårsynte» kontaktar ånder og gjenferd.

Mediesjef i TVNorge og Discovery Networks, Hanne McBride, understrekar at Åndenes makt alltid har vore elska og hata.

– Det ligg vel i programmet sin natur og Humanistisk Ungdom sin natur å vere på kollisjonskurs. Men når poenget med denne kampanjen er å setje fokus på sant og usant i media, så er det kanskje litt rart at me vert nominert for å presentera Åndenes makt som «underholdning forkledd som vitenskap, uten noen forbehold om at dette ikke har rot i virkeligheten», skriv ho i ein e-post.

Ho understrekar at programmet berre presenterer den klårsynte si forklaring som éi mogleg løysing på eit uforklarleg problem og aldri set to strekar under svaret.

– Det sagt: Me likar godt kampanjen, og håpar den kan bidra til at både avsendarar og mottakarar av nyheiter og underhaldning i Noreg tenkjer seg litt ekstra om. Det trengs i desse dagar, avsluttar McBride.

(Foto: Anita Arntzen / TVNorge)

Me har intervjua vidaregåandeelevar om korleis dei avslører falske nyheiter: 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 04.16

Kommentarar

ANNONSE