– Lykke handlar også om å vera god, ikkje berre om å ha det godt.

Sist veke fekk me vita at Noreg offisielt er det lykkelegaste landet i verda. Men kva er eigentleg lukke?

World Happiness Report, FN-rapporten der Noreg kom på topp, gir eit enkelt svaret: Lykke er subjektiv velvære, altså kor bra folk sjølve synest at dei har det. Dette synet gjer det lett å talfesta og samanlikna kor lykkelege forskjellige folk er.

Men ny forsking tyder på at eit slikt syn ikkje stemmer med korleis folk vanlegvis tenkjer om lykke. Forskarane meiner nemleg å ha funne ut at vanlege folk ser ein samanheng mellom lykke og moral.

Snille Sara er lykkelegast
Ifølgje det vanlege «vitskaplege» synet på lykke, er det i utgangspunktet uvesentleg kva slags liv du lever; det er berre kor tilfreds du er med livet ditt som betyr noko. Ein Adolf Hitler kan difor vera like lykkeleg som ei Mor Teresa.

Dette er altså ikkje vanlege folk samde i, om me skal tru den siste forskinga som er gjort av fire forskarar frå Harvard, Yale og Colorado-universiteta i USA:

• I fem ulike studiar skulle forsøkspersonane vurdera kor lykkelege ein oppdikta person var. Ein av desse karakterane var Sara, som jobbar på eit barnesjukehus.

• Nokre av forsøkspersonane fekk vita at Sara er snill og omtenksam, medan andre fekk vita at Sara forgiftar borna i skjul og frydar seg over det.

• Resultatet var at Snille-Sara blei vurdert som mykje lykkelegare enn Slemme-Sara – sjølv når forsøkspersonane fekk nøyaktig den same informasjonen om kor nøgd Sara er med livet sitt. Funna var tilsvarande for dei andre oppdikta personane som blei brukte i studiane.

Med andre ord: Folk flest meiner lykke også handlar om å vera god, ikkje berre om å ha det godt – så sant forsøkspersonane i desse studiane er representative, i alle fall.

Kva gjer oss lykkelege?
Forskarane meiner denne usemja mellom folk og ekspertar i synet på lykke kan forklare ein del overraskande funn som har kome frå lykkeforskinga dei siste åra. Kanskje har du sett overskrifter som «Du blir ikke lykkeligere av å få barn» og «Being selfish really does make us happy».

Litt av forklaringa bak desse konklusjonane er at forskarane ikkje har tatt omsyn til moralske verdiar; dei har berre sett på kor tilfredse folk er med livet sitt. Men dette kræsjar altså med folk sitt vanlege omgrep om lykke.

Om det er ein samanheng mellom lykke og moral, blir det også vanskelegare å rangere land etter kor lykkelege dei er. Blir me til dømes mindre lykkelege av å forårsake klimaendringar? Kanskje må lista over verdas lykkelegaste land kombinerast med lista over verdas snillaste?

Funna blei publisert i forskingstidsskriftet Journal of Experimental Psychology sist månad.

Les også om eit anna overraskande forskingsfunn: – Rike er ikkje meir egoistiske enn fattige

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 04.16

Kommentarar

ANNONSE