Forlaga greier ikkje å gjera lesarane kåte på meir erotikk.

NPK-NTB
NPK-NTB

Ifølgje Klassekampen har Cappelen Damms erotiske håp, bok­serien Calendar Girl, selt atskilleg dårlegare – 100.000 bøker – enn den fire år eldre Fifty Shades of Grey, som er oppe i eit samla opplag på 550.000.

Sjølv om Calendar Girl vart god butikk for forlaget, seier utviklingssjef Knut Gørvell til avisa:

– Det er ganske sikkert at det neste store fenomenet i forlagsverda kjem til å handle om noko anna enn erotikk.

Også forlaget Tiden prøvde seg på erotikk i fjor, med lite hell. Salet av den erotiske thrilleren Maestra av Lisa Hilton «gjekk ikkje heilt som vi hadde håpa», uttaler forlagssjef Richard Aarø.

LES OGSÅ: Bokhandlane fløymer over av erotikk og sybøker

Men Aschehoug, som var med i bodrunden om Calendar Girl til siste slutt, gir ikkje opp erotikken, skriv Klassekampen vidare. Gunn Reinertsen, sjef for omsett litteratur i forlaget, svarer slik på spørsmålet frå avisa om erotikkbølgja er over:

– Eg trur aldri ho kjem til å ta heilt slutt. Ho kjem til å gå opp og ned i periodar, men erotikk er eit evigvarande, menneskeleg tema.

Samtidig debuterer Juritzen forlag på erotikkfronten med tre norskskrivne bøker: Tinderella av Heidi N. Hovland kom ut tidlegare i mars, medan Emilie Edlands Et sted på grensen kom denne veka – og den anonyme Kitty-rapporten er ute i mai.

LES OGSÅ: Asbjørnsen og Moe samla inn erotiske folkeeventyr, og Hamsun sin «Pan» inneheld spor av bondage

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 04.15

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE