– Det blir ei bok full av røvarhistorier.

«Går det til helvete, så går det til helvete!»

«La kvinnfolk vere kvinnfolk, og mannfolk vere mannfolk.»

«Det går viss du er tøff nok i trynet. Alt går!»

Leif-Einar Lothe, betre kjent som Lothepus, sjarmerer og provoserer folk over heile landet. Hardhausen og maskinentreprenøren frå Odda i Hardanger, med cowboyhatt og røyk i kjeften, er eit fenomen ingen kan vera likegyldig til.

Over ein million følgde med da Lothepus vann realityserien Farmen kjendis vinteren 2017.

Men kven er han? Journalist og forfattar Finn Tokvam skal ha mange samtalar med Lothepus for å finna svar. Resultatet blir ei bok med røvarhistorier og private foto frå ein sann eventyrar.

– Det er mange som har ringt og sagt at dei vil skriva ei bok om meg. Til slutt hamna eg på Samlaget og forfattaren Finn Tokvam. Han forstår humoren og livet i Hardanger, seier Lothe til VG i dag.

LES OGSÅ: Rasar mot TV2 etter teksting av Lothepus

I boka fortel han om den gongen han flykta frå politiet på hesten sin. Lothepus har sjekka damer med dumper fordi han ikkje fekk moped. Han har leigd sjøfly frå reinsjakt på Vidda for å gå på pub i Bergen. Men han har også opplevd alvor og tunge stunder, som tapet av broren i ung alder.

– Lothepus er litt av ein type. Ein fantastisk historieforteljar med eit spannade liv og glimt i augo. Me gler oss vilt til å gi ut boka om Noregs mest sjarmerande vestlandscowboy, seier Håkon Kolmannskog, forlagssjef i Samlaget i ei pressemelding.

Oppdatert: måndag 9. oktober 2017 02.28

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE