Fleirtal misliker Donald Trump.

Bernie Sanders får støtte frå heile 61 prosent av dei spurte i ei ny meiningsmåling for den konservative nyhendekanalen Fox News.

Senatoren for Demokratane, som tapte for Hillary Clinton i kampen om å bli presidentkandidat, er dermed meir populær enn både Planned Parenthood, Obamacare, Donald Trump og Mike Pence, ifølgje undersøkinga som blei gjennomført 12.-14.mars.

President Trump er den einaste i undersøkinga med eit fleirtal som seier dei har negative meiningar om han. Heile 47 prosent har sterke negative meiningar om han. 6 prosent seier dei har nokre negative meiningar om han.

Visepresident Mike Pence er meir populær enn sjefen sin, med støtte frå 47 prosent av dei spurte.

LES OGSÅ: Trump snakkar som ein 12-åring

Ei anna måling, frå Gallup, gjev Trump endå dårlegare ratingar:

Oppdatert: måndag 9. oktober 2017 02.28

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE