BOKMELDING: Kjartan Hatløy: Den kvite vegen. Stemningar frå Salbu

Marit Lovise Brekke, Nynorskbok.no
Marit Lovise Brekke, Nynorskbok.no

«Alt som unge lurte eg på kva det tyder, dette ordet: er».

Den kvite vegen. Stemningar frå Salbu (2016) av Kjartan Hatløy er ei diktsamling som er nominert til Ungdommens kritikarpris. Ungdommens kritikarpris er ein pris for skjønnlitterær samtidslitteratur, delt ut av elevar i vidaregåande opplæring.

I den prosalyriske diktsamlinga møter vi eit søkande eg, som lever i landlege omgjevnader i det same huset som foreldra hans budde. Han bur åleine, er ein ungkar på mellom seksti og sytti år, men er ikkje einsam, for han les mykje, grublar og sansar aktivt livet. Og sjølv om foreldra er døde, slår han enkelt fast at «Framleis har dei vekt».
Hovudpersonen har eit intenst forhold til naturen, dreg garn, skildrar den gamle katten, årstidene som kjem og går, fargespelet, aurar og hegrar, alt som høyrer til i livet hans, og alt det han ser og sansar. Kanskje han også brukar sansane på ein annan måte fordi han er eldre, bur åleine eller fordi han veit at døden nærmar seg: «Desse åra mine no for tida, så mykje nærmare sluttstrek». Allereie i den første teksten i diktsamlinga er døden personifisert som ein skikkelse som står utanfor døra hans: «noko ufråvikeleg, høgst levande svart, det er gjerne den strengaste herren som er komen så nær, eller kan det vere sjølve inkje som sender ein roande engel». Denne skikkelsen vert kopla til lagnaden (…) «det er noko som er lagnad, står berre og strålar stilt no lenge før morgonen kjem». Kjensla av at døden er nær, gjer at refleksjonane om livet og det vesle mennesket i kosmos, vert gjennomgåande tematisert i tekstane.

Hatløy skildrar ikkje berre her og no i tilveret, men set mennesket i samband med tid, gjennom å skrive om korleis mennesket lever på overflata av urgamle bergartar, og vert fascinert av stjerner og planetar. Tittelen på diktsamlinga viser også korleis det nære har samanheng med det meir fjerne på himmelen, for ein kan tolke tittelen som ein referanse til Mjølkevegen, som vert ein samanheng mellom det menneskelege og det kosmiske.

I den nære tydinga derimot er vegen eit symbol på å kommunisere med omverda. «Det er grusvegen min, eg ser det godt, det er min litt falma, kvite veg, men brått tykkjest den meir lys enn veg». Vegen løfter gjestar fram og tilbake frå huset, og på vegen har han gode samtalar med nabokona. «Som vi står der vegane kryssar kvarandre, merkar vi godt at dei ævelege er nære. Til dømes fossen på hi sida fjorden 300 meter høg. Til dømes amfibolitten, den blåsvarte bergarta frå tida silur som ligg til grunn for den vakre hagen, ja heile staden vår her. Kva meir? Jau – himmelkvelven sjølv. Også dette vi lever av, det vi pustar i. Døden, ein av dei ævelege, omtalar vi aldri».

Eit viktig trekk ved tekstane i samlinga er nettopp at mennesket forstår seg sjølv gjennom å tolke det vesle som ein del av den store samanhengen. Tida, og mennesket sitt forhold til tid, vert kommentert i desse tekstane, og fordi den menneskelege kronologien alltid endar i døden, får detaljane i kvardagslivet ei eksistensiell tyding for hovudpersonen: «Fekk meg ikkje hund, det vart ikkje, men for meg vart det råd å spasere med delar av kosmos eit bra stykke.» Det er store sveip i denne teksten, og mennesket si forståing av seg sjølv i tida er sentralt, men samstundes reflekterer hovudpersonen over at «i det lengste tidsbiletet er det ikkje eingong sikkert vi er viktigaste art».

Er denne kortprosasamlinga godt eigna for elevar i den vidaregåande skulen? Både ja og nei. Eg trur tekstutdrag kan fungere fint. Det finst samanhengar mellom Hatløy og Olav H. Hauge, til dømes i måten dei beskriv kvardagslivet på Vestlandet, men samstundes set mennesket og det menneskelege inn i større samanhengar.

Først publisert på Nynorskbok.no.

Oppdatert: måndag 9. oktober 2017 02.28

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE