Både regissør og hovudrolleinnehavar i Oscar-nominerte «The Salesman» blir heime, sjølv om dei skulle få unntak for innreiseforbodet.

– Trumps visum-forbod for iranarar er rasistisk (…) Eg vil ikkje delta på Academy Awards 2017 i protest, skreiv den iranske skodespelaren Taraneh Alidoosti (33) på Twitter førre veke.

Ho speler ei av hovudrollene i den iranske filmen The Salesman, som er blant favorittane til å vinne Oscar i kategorien beste framandspråklege film.

Saka held fram under biletet.

President Donald Trump underteikna førre veke ein direkte ordre som nektar innbyggjarar frå sju muslimske land innreise til USA i 90 dagar. Desse landa er Syria, Iran, Sudan, Libya, Somalia, Jemen og Irak. Her har den britiske avisa The Telegraph forklart korleis innreiseforbodet fungerer og kven det råkar.

USA tek heller ikkje imot flyktningar dei neste 120 dagane, og har stoppa innreise for alle syriske flyktningar på ubestemt tid.

På Twitter deler Alidoosti ein New York Times-artikkel som slår fast at ingen iranarar har vorte skulda for terror på amerikansk jord.

Uroar Oscar-akademiet
Regissør Asghar Farhadi, som òg er frå Iran, hadde planlagd å delta på seremonien. I går fortalde han til The New York Times at han ikkje vil delta, sjølv om han skulle få unntak for innreiseforbodet.

– Å audmjuka ein nasjon med hensikt om å trygga ein annan er ikkje eit nytt fenomen i historia, og har alltid lagt grunnlag for å skapa splitting og fiendskap, skriv Farhadi i teksta der han forklarar kvifor han fordømmer innreiseforbodet.

Oscar-akademiet har på si side sendt ut ei pressemelding der dei uttrykkjer uro for at regissør Asghar Farhadi og resten av filmteamet kan bli nekta innreise på grunn av sin religion eller sitt heimland.

LES OGSÅ: I fjor var det #OscarSoWhite. I år er det #OscarSoMale

Oppdatert: måndag 9. oktober 2017 02.28

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE