Festplassen i Bergen fylte seg opp av demonstrantar laurdag ettermiddag. Meredith Schaefer (26) er sjokkert over presidentvalet i heimlandet.

Elise Løvereide
Elise Løvereide
Faktaboks

Women´s March
• Women´s March er eit arrangement som protesterer mot innviinga av Donald Trump som president spesielt, og mot angrep på kvinner og minoritetar sine rettar generelt. Marsjen inkluderer også protestar mot neglisjering av klimautfordringa.
• Arrangørane estimerer 673 Women´s March-demonstrasjonar globalt, med omkring 2,587190 demonstrantar.
• I hovudmarsjen i Washington D.C har fleire kjendisar halde talar. Blant desse er Alicia Keys, Madonna, Gloria Steinem, Michael Moore og Ashley Judd.
• Planned Parenthood og miljøverngruppa NRDC er mellom organisasjonane som støttar marsjen.
Kjelde: Womensmarch.com

LES FAKTALUKK FAKTA

Fleire hundre møtte opp til kvinnenes marsj i Bergen laurdag. Women´s March, med 673 demonstrasjonar globalt, skjer knapt eit døgn etter at president Donald J. Trump har overtatt presidentstolen i Det kvite hus.

Amerikanske Meredith Schaefer (26) nekta å sjå på innviinga av den nye presidenten fredag ettermiddag.

– Eg marsjerer i dag fordi eg vil vise at han ikkje ein president for alle. Eg er glad for at denne demonstrasjonen også skjer i Bergen, når eg ikkje har høve til å marsjere i USA, seier Schaefer, som omtaler seg sjølv som Obama-fan.

– Kan ikkje tru det
Schaefer kjem frå Chicago, men har budd i Bergen sidan 2014. No er ho sjokkert over kva som skjer i heimlandet.

– Eg kan ikkje tru det. 53 prosent av kvite kvinner røyste på Trump. Eg vil vise at eg ikkje støttar han. Han splittar, omtalar kvinner som objekt, og behandlar minoritetar som mindreverdige. Det er eit tilbakesteg.

– Korleis opplever du den politiske stemninga i Noreg, til samanlikning?

– Kvinner er meir respektert her. Ulikskap finst overalt, også i Noreg. Men det er mindre splitta, og folk bekymrar seg ikkje for helserettane sine i same grad som i USA.

Kunststudentane Susanne Quist (32) og Floriane Grosset (22) er svært skeptiske til Trump som president. – Vi er sjokkerte over det som skjer, og trur ikkje at Trump veit kva han gjer. Det er provoserande at klimautfordringa blir sensurert frå Det kvite hus sin nettstad, og vi bekymrar oss for framtida, seier Quist.

– Gjer dette for barna mine
Det er Monika Dentale som har tatt initiativ til marsjen i Bergen. Då ho fann ut at ingen hadde oppretta kvinnemarsjen i Bergen, bestemte ho seg for å gjere det sjølv.

– Eg såg for seg at 20-30 personar ville komme, og blei mildt sagt overraska når så mange dukka opp, fortel Dentale.

– Men om det berre hadde kome ein person, så hadde det vore verdt det. Når Trump blei vald til president, spurde dottera mi meg om jenter kom til å miste rettane sine. Så eg ville gjere dette for barna mine, og for framtida.

– Vi er fleire enn mennene med brune idear
Blant appellantane var Vetle Mikkelsen frå Skeivt Nettverk Raudt, Natalia Golis frå Miljøpartiet Dei Grøne, Sofie Marhaug frå Raudt og Sunniva Schultze-Florey frå Feministisk Initiativ.

Også lege og aktivist Hanne Heszlein-Lossius var blant appellantane. Ho hadde ein viktig beskjed:

– Eg synest ikkje vi skal la oss skremme av innviinga til Trump. Det er fleire av oss som ønsker fridom og rettferd enn det finst menn med brune idear. Valkampen i USA har gjeve oss eit innblikk i ei mørkare framtid – der bruer blir rivne og murar bygt. Men makt definerer aldri rett. Amerika har tatt sitt val, nå skal vi snart ta vårt. Eg håpar det blir eit val for mangfald og likestilling.

Anne Sofie Lid Bergvall frå Sosialistisk Venstreparti talte varmt om solidaritet, rettferd og likestilling, og var ikkje redd for å kritisere styresmakta her heime:

– Noreg må gjere noko med den elendige rettspraksisen vi har ovanfor ofre for valdtekt og overgrep. Norske kvinner har ikkje full råderett over eigen kropp. Vi lever i eit patriarkat, der kvinner alltid er den tapande part. I heile Europa blir kvinnesynet forverra, meiner Lid Bergvall.

Les òg rapporten til Janne Nygård frå protestmarsjen i Oakland i USA!

– Dette er eit sitat frå Fiona Apple. Vi kom her i dag for å vise at det kvinnesynet som mange politikarar no fremjar, ikkje er OK. Og så vil vi støtte amerikanske kvinner, fortel Ingrid Randisdatter Fjellberg (28). Til høgre Kathrin Larsen (26).

– Rettane er på veg tilbake
Sofie Marhaug frå Raudt viste bekymring for at rettane i Noreg er på veg tilbake.

– Moglegheitene er ikkje likt fordelt. Dette handlar om makt. I Noreg kan ein utøve seksuelle overgrep og samstundes få tilgang til maktposisjonar.

Marsjen denne laurdagen bar både teikn til frykt og bekymring for menneskerettar, klimakamp og politisk splitting. Før folkemengda gjekk vidare til Torgalmenningen og Strandkaien, kunne ein høyre folkemengden rope:

– Women´s rights are human rights, human rights are women´s rights!

LES KOMMENTAREN: Skrekk-kabinettet!

Mange hadde laga plakatar og faner med ulike beskjedar på. Særleg synleg var bodskapet om kjønnslikestilling.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 04.14

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE