Land vi liker å samanlikne oss med. Det er eit altfor lite brukt uttrykk. Det har gått av moten. Det blei brukt meir før. Vi bør hente det fram igjen. For vi meiner det sjølv om vi ikkje bruker det.

mm

Når vi som skriv i avisa skriv om ting som skjer i andre land, for eksempel, då skriv vi utelukkande om land vi liker å samanlikne oss med. Og vi liker å samanlikne oss med desse landa fordi vi kjem godt ut av samanlikninga.

Eg snakkar først og fremst om USA no, sjølvsagt. Vi som skriv i avisa gjer ofte det. Når vi ikkje snakkar om oss sjølve, naturligvis, som er det vi helst gjer.

Dette har vi vore inne på før, men det finaste med å vere opptatt av amerikansk valkamp, er at vi som bur i Norge kjenner oss smartare enn amerikanarane. Dette kunne aldri skjedd her, tenker vi når vi les om amerikansk politikk. Også ler vi litt. Ristar på dei norske hovuda våre.

Og denne veka har vi blitt minna på kvar det er amerikansk og norsk politikk verkelig går kvar sin  veg.

Helse.

Ikkje helsepolitikk. Men spørsmålet om helsa til politikarane. Hillary Clinton hosta og var ustø og har kanskje lungebetennelse. Og alle vi som skriv i avisa og har vore i USA har snakka om kor viktig helse er i amerikansk politikk. Kor vesentlig det er at dei som skal styre landet viser seg som friske og spreke. At dei ikkje har noko å skjule. At dei legg fram helseerklæringar på fleire hundre sider. Og fleire gonger dei siste dagane har vi sett klipp der tidligare og sittande amerikanske presidentar demonstrerer styrke og helse og kraft, ved å spele tennis og golf, svømme og ri og danse.

Og der! Tenker eg. Der skil vi lag, Amerika og oss.

For viss vi hadde fått sjå Erna Solberg spele tennis, kva ville vi tenkt då? Ville vi tenkt: Der har vi ein sterk leiar. Ei kvinne med god helse. Ho stolar eg på. Eg vil følgje henne, uansett kva som skjer.

Eller ville vi tenkt: Tennis?!?!

Ville vi tenkt: Kva er det du driv med no?!?

Ville vi tenkt: Var dette nødvendig? Er du så desperat? Kva er det du prøver å få merksemda vekk frå no?

Eller ville vi rett og slett tenkt: Slutt. Ver så snill, slutt. Sett deg på eit kontor. Les papir. Tenk. Skriv. Ver gjerne trøytt og sliten. Ha gjerne litt dårlig helse. Segn gjerne om i tretti varmegrader. Dupp gjerne av på eit langdrygt minnearrangement. Og spel gjerne tennis på fritida om du absolutt vil. Men ikkje film det. Og ikkje vis det til oss. Ærlig talt.

Vi synest nok det er greitt at politikarane våre er friske, vi også. Men ikkje for friske. Altfor friske folk er vi skeptiske til. Med god grunn. Om du er over midt i livet og i kanonform og gjerne viser det fram, då er du kanskje litt for opptatt av deg sjølv og litt for lite opptatt av å styre landet. Du må gjerne jobbe i bank, men ikkje leie ei regjering. Vi har hatt ein litt for fotballinteressert statsminister i mi levetid. Det er nok.

Og politikarar må gjerne danse. Eg håper alle som styrer land dansar. Fordi dansing er fint. Og morsomt. Og eg vil at politikarane mine skal ha det morsomt. Men ikkje fordi dansing viser at du er sprek og har trent. Det blir feil dansing. Vi må skilje mellom dans og moro og trening og skryt.

Om ein norsk statsminister eller statsministerkandidat alltid såg like sprek og opplagt ut, aldri fekk blytunge augelokk under lange talar og høyringar, aldri let tankane og fingrane gli mot Pokémon Go, alltid hadde spenst i stega og frisk hudfarge, aldri blei sveitt, aldri blei tungpusta eller rett og slett lei, då ville eg tenkt:

Her er det noko gale. Noko veldig, veldig gale.


Først publisert i Aftenposten 17. september.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 04.12

Kommentarar

ANNONSE