Miljøpartiet Dei Grøne lanserer radikale tiltak i nytt partiprogram.

Dei Grøne lanserte i dag sitt førsteutkast til valprogram for perioden 2017-2021.

– Dei politiske prosjekta vårt handlar kort fortalt om å gjennomføra eit grønt skifte, ikkje i morgon, men i dag. Me foreslår ikkje mindre justeringer, men radikale endringar i norsk politikk, seier leiaren i programkomiteen Ingrid Liland.

Liland meiner klimaendringar, tap av naturmangfald, aukande ulikskaå, overforbruk, oljeavhengigheit og ekstremvêr viser at dei etablera partia har mislukkast i det aller viktigaste: Å ta vare på det me skal leva av i framtida, livsgrunnlaget vårt.

– Det må starta med ein ansvarleg og planlagd utfasing av olje- og gassnæringa. Ni av ti i Noreg jobbar allereie utanfor olja. Dei arbeidsplassane skal bli fleire, og endå litt grønare. Me har ambisjonar om å gjera Noreg til verdas første fossilfrie land, seier Liland.

Låner frå høgre- og venstre-sida
Utfasing av oljeindustrien vil i tillegg til å kutta klimagassutslipp òg redusera kostnadspresset i norsk økonomi, gjera øvrig eksportindustri meir konkurransedyktig og bidra til å flytta folk og finansar over til grøne næringar, ifølgje Miljøpartiet Dei Grøne.

– Me har henta inspirasjon og idear frå både høgre- og venstresida i norsk politikk. Me går mot heildagsskule, men er for privatskular, me er for eit noko høgare skattenivå for dei som har god råd, for sterke arbeidarrettar, og for offentleg finansierte velferdstenester. Men me meiner at gamle ideologiar er irrelevante som skiljelinjer i skule- helse- og velferdspolitikken. Dei verkelege store skilnadene i norsk politikk går ikkje mellom blå eller raud, men mellom grå og grøn, seier Liland.

Programutkastet skal no ut på høyring i heile partiet. Blant tiltaka som skal diskuterast er:

* Avslutta all utbygging av nye oljefelt, inkludert fase to av Johan Sverdrup-feltet.

* Setja av 10 milliardar i året til å redusera risiko for privat næringsliv for å skapa varige arbeidsplassar og bidra til ein grøn omstilling av økonomien.

* Redusera flytrafikken med 30 prosent i Noreg innan 2030 ved å redusera reisetida med tog til 4 timar mellom Oslo-Trondheim og Oslo-Bergen innan 2025 .

* Finansiera minst 80 prosent av store kollektivinvesteringar i storbyane gjennom bymiljøavtalane.

* Redusera forbruket til eit berekraftig nivå, mellom anna ved å fjerna moms på reparasjonar.

* Innføra ein sjette grunnleggjande ferdigheit i skulen, nemleg praktisk ferdighet. Ikkje innføra heildagsskule.

* Innføra ein nasjonal forslagsrett der vanlege borgarar kan få ei sak handsama på Stortinget med ei tilstrekkeleg mengd underskrifter.

* Gå inn for ein ny nasjonalparkplan som prioriterer vern av den naturen som har svakast vern i dag, og ein nærnaturlov som tar vare på verdifulle friluftsområde

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 04.11

Kommentarar

ANNONSE