Vinjefondet vil gi 680.000 kroner over tre år til Framtida.no.

Redaksjonen
Redaksjonen
Faktaboks

Framtida.no blei starta hausten 2010, og fyller fem år i år.
Talet på brukarar er aukande og ligg no på kring 40.000 i månaden.
Nyhende- og debattavisa for unge har kontor i Oslo og på Stord.

Les den redaksjonelle rapporten vår for 2014 her!

LES FAKTALUKK FAKTA

– Dette er utruleg kjekke nyhende, seier Svein Olav B. Langåker, redaktør i Framtida.no.

Vinjefondet er eit fond som blir forvalta av Nynorsk kultursentrum på oppdrag frå Kulturdepartementet og går til å styrkja journalistikk på nynorsk.

Framtida.no får 230.000 i 2015 og har òg fått tilsegn om 250.000 i 2016 og 200.000 i 2017. Nettavisa har fått støtte frå Vinjefondet tidlegare, men det er første gong støtta kjem over fleire år.

Mykje spennande forsking
Støtta skal Framtida.no bruka til å oppretta eit engasjement som forskingsjournalist.

– Hovudmålgruppa til Framtida.no er unge mellom 15 og 25 år, og det vil vera styrande for måten me formidlar forsking på og kva tema me vil skriva om. Me vil jobba for å finna nye og spennande måtar å formidla ny forsking på, seier Langåker.

Han fortel at forskingsjournalistikk er etterspurt av lesarane, og at dette er noko det finst lite av på nynorsk på nett.

Framtida.no har dei siste åra skrive mykje om språk, klima, skulepolitikk, ungdom og politikk, kjønnsidentitet og likestilling og litteratur. Det blir meir av dette, men òg meir av andre felt.

Noko Framtida.no vil undersøkja nærmare, er korleis algoritmar i søkemotorar og sosiale medium påverkar både medium, kjelder og språk.

– Å få fram siste forsking om dette temaet, vil vera nyttig både for Framtida.no og andre nynorske medium, seier Langåker.

Lokomotiv for nynorsk på nett
– Mesteparten av arbeidstida til forskingsjournalisten vil gå med til å skriva artiklar. Men me ønskjer òg at noko tid vil bli brukt på å byggja nettverk mot høgskular og universitet for å få fram endå meir nynorsk forskingsformidling frå desse. Målet er heile tida å få fram mest og best mogleg spennande journalistikk på nynorsk om ny forsking, seier Framtida.no-redaktøren.

– Støtta vil òg hjelpa til med å tilføra naudsynte ressursar i Framtida.no, og gje oss kraft til det me ønskjer å vera – eit lokomotiv for nynorsk journalistikk på nett, held han fram.

Framtida.no fyller denne hausten fem år, og har kring 40.000 brukarar i månaden. Nyhende- og debattavisa for unge samarbeider i dag med 20 lokalaviser og fleire andre nettstader og vil invitera fleire av desse til å bli med på prosjektet.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 04.05

Kommentarar

ANNONSE