Språk er makt. No i valkampen er retorikk og hersketeknikkar mykje brukte reiskapar for dei som skal få fram bodskapen sin og vinne debattane.

Stina Aasen Lødemel, Ivar Aasen-tunet
Stina Aasen Lødemel, Ivar Aasen-tunet
Faktaboks

Kjelder: 

1. Hanne Østli Jakobsen: «Føleri, følera», Morgenbladet 17.7.2015, digitalt tilgjengeleg med passord. [lesedato 4.9.2015]

2. Hilde Sandvik og Jon Risdal:Hersketeknikk. Spartacus 2007

LES FAKTALUKK FAKTA

Det er ikkje tilfeldig at det var ei einsleg svale i eit mannsdominert miljø som populariserte omgrepet hersketeknikk. Berit Ås, sosialpsykolog, feminist og politikar, lanserte på 1970-talet dei fem hersketeknikkane usynleggjering, latterleggjering, å halde tilbake informasjon, fordøming same kva du gjer, og påføring av skuld og skam. Hersketeknikkar var ikkje eit nytt fenomen, men Berit Ås gjorde det til eit omgrep som vart kjent for folk. For Berit Ås var det undertrykking av kvinner som utløyste behovet for å avdekkje teknikkane, og ho avgrensa bruken av omgrepet til menns undertrykking av kvinner, som ho sjølv kjende på og såg andre oppleve.

LES OGSÅ: Vi likar politikarar som byr på seg sjølve

Men hersketeknikkar går føre seg på fleire arenaer. På arbeidsplassen, på foreldremøtet, i heimen, i vennegjengen – ja, overalt. Og hersketeknikk er sjølvsagt ikkje berre språk, det er gjerne summen av fleire verkemiddel og teknikkar. Men språket speler ei viktig rolle, fordi det ofte er i verbal kommunikasjon at hersketeknikkane snik seg inn.

Det som ligg i hersketeknikken sin natur, er at dei er vanskelege å få auge på i det du blir utsett for dei. Kanskje innser du det i ettertid, men då er det ofte for seint å gjere noko med det. Og om du innser det der og då, kva skal du gjere med det? For det er også noko som ligg i hersketeknikken sin natur: Påstår du at du blir utsett for hersketeknikk, fell det lett tilbake på deg sjølv. Og ikkje minst er det lett å motstride at ein har drive hersketeknikk. Kastar du den påstanden, kan du med andre ord lett stå att som den sytande og klagande part. Eller så kan vi ende opp blant dei såra og vonbrotne, som journalist Hanne Østli Jakobsen skreiv i Morgenbladet, der det å føle seg krenkt kan vere ein hersketeknikk i seg sjølv (1).

LES OGSÅ: – Me kan spørje oss om me har gått for langt

Å vite at hersketeknikkane finst, at dei blir brukte og korleis dei kan kome til uttrykk, kan likevel hjelpe ein å forstå ein situasjon, og la seg bli mindre påverka og sett ut av spel.

Hilde Sandvik og Jon Risdal kom i 2007 med boka «Hersketeknikkar» (2), der dei let lesaren bli kjend med ulike typar hersketeknikkar. Det er berre å slå fast at herskarane og teknikkane kjem i mange former. Det kan vere å bruke ein flaum av framandord, avbryting, ironisering, ja, til og med overdriven høflegheit kan vere ein hersketeknikk. Og vi brukar alle saman hersketeknikkar, sjølv om det ofte ikkje bevisst. Dei kan kome ubevisst når vi er engasjerte, eller når vi kjenner oss sårbare eller underlegne.

LES OGSÅ: Google kan avgjera valet

Men når hersketeknikkane blir brukte systematisk og med overlegg og slår under beltestaden, bør vi kjenne til at dei finst. Slik kan ein punktere det herskaren ønskjer å oppnå. Anten det er vi sjølve som blir utsett for det, eller det skjer i ein situasjon vi har interesse av å forstå som tilhøyrarar.

Først publisert på Aasentunet.no

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 04.04

Kommentarar

ANNONSE