Norske vindkraftverk sette produksjonsrekord i 2014. Aller mest kom frå Midtfjellet vindpark på Fitjar.

Fjoråret var eit rekordgodt år for norsk vindkraft, og aller mest kom frå ein liten kommune i vest.

Ifølgje tal frå NVE var det Midtfjellet vindpark på Fitjar som hadde størst produksjon av alle dei norske vindparkane. Det melder Sysla.no.

LES OGSÅ: Produksjonsrekord av vindkraft i fjor

Med sine 44 vindturbinar produserte Midtfjellet, som i 2014 var Noregs største vindpark, 317,3 GWh i 2014. Det er nesten 15 prosent av den totale vindkraftproduksjonen i Noreg i fjor.

Kraftproduksjonen frå kommunen er over seks gonger så høg som forbruket på rundt 50 GWh årlig.

Den samla norske vindkraftproduksjonen i 2014 var på 2,2 terrawatt timer (TWh), noko som tilsvarar 1,5 prosent av totale energiproduksjonen.

LES OGSÅ: – Vanskeleg å få vindkraft til å løna seg

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 03.59

Kommentarar

ANNONSE