Dei to tidlegare partileiarane i Venstre, Odd Einar Dørum og Lars Sponheim er sterkt imot at Venstre går i regjering med Frp.

Faktaboks

Les meir om Venstre på Allkunne og på Framtida.no!

LES FAKTALUKK FAKTA

Det har dei gitt klart uttrykk for til partileiar Trine Skei Grande, skriv Aftenposten.

Både Sponheim og Dørum er ekspartileiarar som, i motsetning til enkelte andre eksleiarar, blir lytta til i eige parti, ifølgje Aftenposten.

Dørum ønskjer ikkje å kommentera opplysningane til Aftenposten.

– Det eg seier til Trine, blir verande mellom meg og Trine. Ho har min fulle tillit til det ho no skal gjere, seier Dørum.

Guri Melby i sentralstyret til Venstre, seier at kommentatorar som reknar med at Venstre glatt går inn i ei firepartiregjering, tek feil.

– Dørum og Sponheim representerer eit syn på dette som er delt av mange i Venstre, sjølv om partiet har endra seg ein del sidan dei var i leiinga, seier Melby, og peikar på mange nye medlemmer og nye tillitsvalde dei siste åra, særleg frå storbyane.

– Det er stor uvisse, ikkje berre i Kristeleg Folkeparti, men også i Venstre om kva partiet bør gjera. Eg kjenner sjølv på den uvissa, seier Melby til Aftenposten.

Ho meiner den store uvissa som også finst i Venstre er underkommunisert i offentlegheita.

Kva for regjeringa håpar du me får i Noreg?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 03.46

Kommentarar

ANNONSE