Kryddersnapsen Gammel Dansk har lenge vore populær i Noreg. No blir den danske bitteren norsk.

NPK-NTB-Dag Kjørholt
NPK-NTB-Dag Kjørholt

Arcus-Gruppen overtek ikkje berre snapsen, som første gong vart produsert i 1964 av De Danske Spritfabrikker, men kjøper i samen slengen dei godt innarbeidde danske akevitt- og snaps-merkevarene Ålborg, Brøndums og Malteser frå det franske selskapet Pernod Ricard.

Ålborg Akvavit er det største brennevinsmerket i Danmark, og Gammel Dansk er den mest populære bitteren i landet.

Overtek Ålborg
Konsernet betaler 770 millionar kroner for merkevarene. Arcus overtek òg produksjonsanlegget i Ålborg ved Limfjorden i Danmark som ein del av oppkjøpet.

– Det er gledeleg at vi no får Ålborg i porteføljen vår. I tillegg ser vi eit stort potensial i å foredle og vidareutvikle Gammel Dansk, seier konsernsjef Otto Drakenberg i Arcus-Gruppen.

Det er det svenske investeringsselskapet Ratos som er hovudeigar i Arcus.

– Arcus-Gruppen har vakse sterkt innan vinsegmentet i Sverige og Noreg dei siste åra og er i dag den største vinleverandøren i Norden. No tar vi neste steg og styrkjer porteføljen av brennevinsvaremerke. Dette er eit strategisk viktig oppkjøp som gjer Arcus-Gruppen større og styrkjer marknadsposisjonen vår i brennevinssegmentet vesentleg, seier konsernsjef Susanna Campbell i Ratos.

Må godkjennast
Varemerka som blir overtekne, kjem til å auke Arcus-Gruppens omsetnad av brennevin med rundt 50 prosent og inneber ein betydeleg auke av driftsresultatet.

Kjøpet er hovudsakleg finansiert gjennom lån i Arcus-Gruppen. Ratos skyt inn 67 millionar kroner i eigenkapital.

Overtakinga må først godkjennast av myndigheitene og er venta sluttført innan byrjinga av januar neste år. (©NPK)

Les òg: Er det difor danskane er lukkelegare?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 03.37

Kommentarar

ANNONSE